Populær familie- og trimtur med utsyn over Torpo. Beste utgangspunktet for turen er Bakketun stadion på Torpo. Opp til Rikansrudkamben kan du velje to alternative stigar. Vil du ha ein rundtur (umerka tur) gå vidare til Sletta, Rikansrudvegen og ned att til Torpo sentrum.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.